Velkomen til ein båttur du vil hugse lenge!


Ein båttur på Byglandsfjorden er ei flott naturoppleving. Ein tur med den gamle vedfyrte dampbåten „Bjoren” er ei oppleving av dei sjeldne. Ta deg tid til ein båttur. Vi er sikre på at det blir eit av dine beste ferieminne.


Turane tek utgangspunkt på Byglandsfjord, alternativt Bygland.


Utanom dei faste ruteturane kan det køyrast turar for grupper opp til 55 personar. Passar ypparleg som avbrekk i bussturar, sykkelturar, for lag, foreiningar, firma, slektstemne, bryllup o.l. Vi arrangerer også turar saman med restaurantar, kafear, og overnattingsstader langs Byglandsfjorden.


Bjoren på land

08.09.2011

Bjoren er nå trygt plassert i hallen på Byglandsfjord. Det blir nok noe arbeid på båten i løpet av vinteren og dugnader igjen til våren. Meir om det på heimesida til Bjorens Venner.

Les mer


Bjorens Venner

30.03.2011

Bjorens Venner har og fått egen heimeside. www.bjorensvenner.com. Her kan du lese om foreninga og det den arbeider med.

Les mer